mandag 1. september 2014

Ungdomsklubb bedehuset i Volda - First Lego League

Ny klubb på bedehuset med teknisk lego som hovudaktivitet og deltaking i konkurransen First Lego League.


I byrjinga av november vert det arrangert ein stor konkurranse i operahuset i Nordfjordeid. Då samlast born og ungdomar frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane til legokonkurransen FIRST LEGO League® (FLL). Årets tema er framtidas skule- og klasserom.

Nokre få punkt om FIRST LEGO League® (FLL)
·        - Kunnskapskonkurranse for born og unge i alderen 10-16 år, arrangert sidan 2000.
·        -  Konkurransen vert organisert i Skandinavia av FIRST Scandinavia
·        -  I 2013 deltok 845 lag/ 12 675 deltakarar i dei regionale turneringane. På verdsbasis deltok 200 000 born frå 70 land.
·        -  Føremålet  med konseptet er å auke interessa for teknologi og vitskap, og stimulere dagens ungdom til å bli  morgondagens ingeniørar og forskarar. 
·         For meir informasjon , sjå nettsida www.hjernekraft.org. 


"Tidlegare år har eg følgt klasser frå ein barneskule i Sola, Rogaland, og dessutan mellomtrinnselevar og ungdomar frå Den norske skolen i Nairobi, Kenya, til First Lego League-konkurranse i Stavanger. Det har vore gode og inspirerande erfaringar, både for elevane og meg! Difor har eg, som innflyttar i Volda, lenge tenkt at det kunne vore ein fin ting å kombinere deltaking i denne konkurransen med oppstart av eit nytt barne-/ungdomsslag på Volda bedehus. Det nyaste og mest moderne legoutstyret er alt kjøpt inn, så no ventar vi berre på gutar og jenter frå 10 – 14 år som kan tenkje seg å bli med.  Vi ser for oss mykje lego, spel og andre aktivitetar, ei andakt og kanskje bollar og saft…."
- Gunnstein Ohma 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar